Lindstrøm Hotel
Det sjarmerande hotellet i Lærdal der gamal og ny historie møtest.
Lindstrøm Hotel mista alle sine utanlandske kundar då Covid-19 slo til. Dei hadde behov for fornying og for skape seg ein posisjon på den norske marknaden. Resultatet vart ny posisjonering, med fokus på historia til hotellet. Ny visuell identitet vart utvikla og ny nettside, med flotte foto av Tove Lise Mossestad.
Squarespace er sjølvsagt brukt som publiseringsverktøy, og igjen opplever vi at kunden liker resultatet godt.
Ein spennande prosess som starta med ein merkevare-workshop gav grunnlag for nytt merkeløfte og den nye posisjoneringa.
Både logo og den visuelle identiten speilar ro og hygge, og samtidig samlar den både ny og gamal stilart.
Tre generasjonar Lindstrøm-arkitektar
Hotellet har mykje arkitektonisk historie å vise. Hotellet har faktisk tre generasjoner med Lindstrøm-arkitektar som har sett sitt preg på hotellet. Dette har gitt gode kvaliteter og ein stil som varierer frå rom til rom.
Lindstrøm Hotel ønskte å presentere både nytt og gamalt - og gjere det mogleg å bestille rom både i ny og i gamal del.
Annonsering Google Ads, Facebook og Instragram
Med ny nettside og ny visuell identitet, ligg alt til rette for å markedsføre hotellet i digitale kanalar.
Gjennom eit løpande samarbeid om innhaldsproduksjon og annonsering, er Lindstrøm Hotel godt synlege på mellom anna Google Ads, Facebook og Instagram.