Romarheim
Eit spennande entreprenørselskap som har spesialisert seg på kranar til bygg og anlegg.
Romarheim held til i Alversund, rett nord for Bergen, med ei ambisiøs målsetting. Med 120 tilsette ønskjer dei å vere ein arbeidsgjevar dei tilsette skal kunne ha heile livet! Dei jobbar hardt for å skaffe spennande prosjekt og for å ha eit godt arbeidsmiljø.
Vi har hjelpt dei å framstå meir personleg, ved å vise bilde og video av de tilsette på nettsida. Vi har jobba med å få fram meir frå arbeidskvardagen og la dei tilsette fortelje om kvardagen sin. Slik skapar dei truverd.
I tillegg har vi løfta fram dei ulike tenestene til Romarheim. Dei er delt opp i tre selskap og alle selskapa skal komme tydeleg fram på nettsida.
Difor valde vi å lage ein megameny, som er oversiktleg og enkel å navigere i. Tenestene er også løfta høgt opp på sida for at det ikkje skal vere tvil om kva tenesteområde dei tilbyr.
Vi har sjølvsagt tenkt på SEO her òg. Alle tenestene har fått sine eigne landingssider, og det er lagt opp ein struktur som gjer det lett for søkemotorar å lese sida.
For Romarheim har Squarespace vore eit godt verktøy. Med hjelp av våre webdesignarar, har dei fått eit personleg uttrykk dei ønskjer, god struktur på innhaldet og ei nettside som vil bli funne i søkemotorar. I tillegg kan dei enkelt redigere og nytte nettsida aktivt sjølv.