Éin mal - 14 nye nettsider i Squarespace

Fontenehus Norge er eit frivillig arbeidsfellesskap med einingar over heile landet. Då 14 av dei ønskte nye nettsider gjorde vi prosessen effektiv.

– Vi er ein organisasjon der alle avdelingane er eigne, sjølvstyrte stiftingar. Difor trengte vi ei løysing som både styrka eit heilskapleg uttrykk, og samstundes gav kvar avdeling rom for å sjølve forme si eiga nettside. Dette leverte Gasta 10/10 på. 

Det fortel prosjektleiar og kommunikasjonsansvarleg i Fontenehus Norge, Håvard Paulsen.

– På toppen av det heile hadde vi behov for at publiseringsløysinga skulle være enkel for folk med berre middels digital kompetanse.

Enkel og effektiv redigering

I samarbeid med Fontenehus Norge utarbeida vi ein mal som la grunnlaget for 14 nye nettsider. Med eit gjennomført design og god struktur er målet å styrke merkevara til det inkluderande arbeidsfellesskapet. Ved bruk av saved sections har vi lagt til rette for at kvart enkelt fontenehus enkelt og effektivt kan redigere innhaldet - og skape si eiga personlege heimeside.

Paulsen meiner grundig forarbeid har vore nøkkelen til eit vellykka prosjekt.

– Tilbodet frå Gasta utklassa konkurrentane på grundigheit, og forståing av kven vi er og kva vi hadde behov for. Med avklarte rollar hos dei og oss, var det enkelt å gjere justeringar undervegs, samt godta at avdelingane gjennomførte implementeringa i ulike tempo. Dette til tross for at det var mange involverte i prosjektet på vår side.

Her kan de sjå korleis Saved Sections ser ut i Squarespace:

VELJE DESIGN: Gasta satt opp ulike malar under saved sections som Fontenehusa kan velje mellom.

TIDSBESPARANDE: Ved å velje ein lagra seksjon, kan ein kjapt endre tekst og bilde til sitt eige.

Oppdaga nye funksjonar i Squarespace

Mellom fontenehusa som allereie kan skilte med nye nettsider er Fontenehuset Fredrikstad. Dei hadde allereie god erfaring med Squarespace, men har no også fått eit tydlegare eigarskap til heimesida si. 

– Heilt frå første møte har vi på Fontenehuset Fredrikstad kjent oss godt tekne vare på. Det har vore lett å ta kontakt for hjelp og støtte, og samarbeidet mellom Gasta og oss har gått på skinner. Me har erfaring med Squarespace frå før, så mykje av det kunne me litt om, men dei oppdaterte funksjonane var fint å få opplæring i. Gasta «snudde seg på hælen», som vi seier her i Fredrikstad, og stod klare til å hjelpa undervegs. 

GODT FORARBEID: Einar Belck-Olsen har saman med kollegaer på Fontenehuset Fredrikstad lagt ein grundig plan for korleis den nye nettsida skal hjelpe dei å nå ut til nye og eksisterande medlemar. Foto: Patrick Fardal.

– Gjennom dette samarbeidet føler vi no at vi sit med ei nettside som er vår. Den ser sjølvsagt heilt nydeleg ut, men vi har og fått eit heilt anna type eigarskap til denne no – og vi trur ikkje det hadde vore det same utan Gasta og måten de har møtt oss på. 

Les meir om det fine og viktige arbeidet Fontenehus Norge gjer på deira nye nettsider.

Vi heiar på dykk og takkar for tillitten!

 

Ragnhild Myklemyr

Ragnhild Myklemyr er innhaldsprodusent i Gasta design og kommunikasjon. Ho er ekspert på å finne dei gode historiane og formidle dei på vegne av kundane våre.

ragnhild@gasta.no

Forrige
Forrige

No kan ein AI gje deg svaret i søkemotoren til Google

Neste
Neste

Squarespace vs Wix?