Squarespace vs Wix?

Vurderer du ny nettside, er val av publiseringsverktøy (CMS) viktig. Her ser du forskjellane mellom Squarespace og Wix.

Squarespace-vs-Wix-logos

Vi har utvikla over 600 nettsider basert på Squarespace og er det einaste byrået i Norge som er Squarespace Enterprise-medlem. Vi er framleis like entusiastiske og imponerte over eit verktøy som er nesten utan feil eller tekniske problem! Dermed kan vi ikkje sei at vi er heilt obektive her, men det er det gode grunnar til.

(Ver óg klar over at Wix er eit israelsk selskap som offentleg har støtta Israel i den pågåande konflikten.)

Her får du blikket vårt på valet mellom Squarespace og Wix:

Kort introduksjon

Det er ikkje til å stikke under stol at Squarespace og Wix har mykje til felles. Som Forbes seier, “You really can’t go wrong with either platform”.

Dette er enkle verktøy som gjer vegen til ei flott nettside både rask og ukomplisert. Likevel er det mykje innebygga funksjonalitet, som nettbutikk, SEO-verktøy og blogging, samt tilleggstenester som nyheitsbrev. Men verktøya er nok aller mest kjend for “drag-and-drop”-funksjonaliteten når ein skal redigere, som gjer dei til gode verktøy sjølv for uerfarne brukarar. Det er her dei verkeleg skil seg frå WordPress og andre.

Vi i Gasta brukar kun Squarespace, og anbefaler dette til små og mellomstore bedrifter som ønskjer eit brukarvennleg system som er lysbetont å jobba med, til ein ok pris. Under finn du ei meir detaljert informasjon om kvifor:

Squarespace vs Wix: forskjellar og likheiter

Redigeringsverktøy

Begge verktøy er enkle i bruk, med “drag-and-drop”-funksjonalitet som gjer det lett å bygge opp sider som ser bra ut. Vi opplever at kundane set pris på at Squarespace heile tida hjelper deg med å gjere gode designval, i form av hjelpeliner, rutenett og forslag. Slik sikrar ein at resultatet blir pent, brukarvennleg og like bra på små og store skjermar. Wix har derimot meir ustrukturert redigering, med få “reglar” og lite hjelpeverktøy. For brukarar som ikkje har webdesign-bakgrunn kan det opplevast overveldande når “alt er mogleg”.

Designmalar

Begge plattformar tilbyr ferdige designmalar eller templates som kan tilpassast. Medan Wix er kjend for stort utval, er Squarespace kjend for kvalitet. Her meiner vi at det er ein tydeleg klasseforskjell. I tillegg har Squarespace sin nye “Saved sections”-funksjonaliteten gjort verktøyet overlegent på tilpassing og gjenbruk av malar. Enklare blir det rett og slett ikkje.

Universell utforming

For deg som er oppteken av universell utforming, er Squarespace eit godt val. I Norge er det 35 minimumskrav som gjeld alle nettsider. Mange av desse er dekt av verktøya frå start, mens andre må tilpassast. Vi har god erfaring med å sikre universell utforming i Squarespace, óg for offentlege verksemder som må ha tilgjengelighetserklæring. Wix har ikkje informasjon på eigne nettsider om korleis dette gjerast i deira løysing, men skriv at dei er tilrettelagt for universell utforming.

Søkemotoroptimalisering (SEO)

Wix har tidlegare fått kritikk for visse avgrensingar på SEO-fronten, men mykje av dette er utbetra dei siste åra. Likevel er vår erfaring at Squarespace sine integrerte SEO-verktøy er enklare i bruk, noko som gjer det lettare for deg å sjølv sikre god synlegheit i søkemotor - uten at det krev djup teknisk innsikt. I Squarespace kan du enkelt tilpasse titlaer, metatekstar, filnamn og URL-ar.

Nettbutikk

Begge plattformane tilbyr nettbutikk med fysiske og digitale produkt.

Artiklar og blogginnlegg

Dei fleste har behov for å skrive artiklar om aktuelle tema og nyheiter (slik som artikkelen du les akkurat no). Dette er med på å gje fylde til nettstaden og gir gode treff i søkemotor. Både Squarespace og Wix har integrerte verktøy for dette. I Squarespace er det enkelt å opprette ein bloggmodul og kome i gang med det første innlegget, med innebygde funksjonar som kategoriar, tagging, planlegging av innlegg fram i tid, moderering av kommentarar og deling til sosiale medium.

Backup og lagring

Squarespace tilbyr ubegrensa lagring, medan Wix er begrensa til 50 GB lagring. Det held for dei minste nettsidene, men set grenser for vekst i framtida.

Sikkerheit

Både Squarespace og Wix har svært høg oppetid. Fordelen med at dei driftast sentralt er at alt heile tida er oppdatert. Vi i Gasta har eigen kontaktperson i Squarespace og tilbyr support viss du treng hjelp. I tillegg kan du alltid følge med på status på drifta her.

Pris

Begge løysingar er avhengig av abonnement med ulike prisnivå. Du kan starte med ei gratisløysing og oppgradere etter behov. Squarespace startar på $16 per mnd mens Wix startar på $17 per mnd.

> Vurderer du WordPress istadenfor? Les samanlikninga vår "Squarespace vs Wordpress”

Konklusjon

I valet mellom Squarespace og Wix, vil vi i Gasta anbefale det første. Etter å ha brukt verktøyet på over 600 nettsider, kan vi med handa på hjartet sei at dette er det enklaste, sikraste og mest brukarvennlege publiseringsverktøyet vi har vore borti. Eit godt val for små og mellomstore bedrifter og organisasjonar som er lystbetont å jobba med, til ein fornuftig pris.

Kom i gang med Gasta og Squarespace i dag ved å be om pristilbod eller kontakte oss.

Vidar Bondevik

Vidar er rådgivar og byråeigar i Gasta, og har lang erfaring med web, design, merkevarebygging og strategi.

vidar@gasta.no

Forrige
Forrige

Éin mal - 14 nye nettsider i Squarespace

Neste
Neste

Ny søkemotor-vennleg nettside for setra i “Noregs vakraste fjelldal”