No kan ein AI gje deg svaret i søkemotoren til Google
Kappløpet om å integrere kunstig intelligens (AI) i søkemotorane er for lengst i gang. Det skjer mykje på denne fronten om dagen, og den siste nylanseringa til Google er blant dei mest spennande.
Fra før har Google jobba med det dei kallar Search Generative Experience (SGE). Det inneber at dei brukar kunstig intelligens til å lage betre søkeresultat for oss brukarar.
Men no har dei teke det eitt steg lenger. På Google I/O-konferansen førre veke, viste dei fram korleis AI-en deira Gemini skal bli brukt i søkeresultat.
Med AI Overviews får brukaren svar generert av kunstig instelligens (AI) rett i resultatlista på Google sin søkemotor.
I praksis betyr dette at når du skriv inn ein søkefrase, er det en AI som “tenkjer seg om” og gir deg svaret rett i resultatlista.
Funksjonen er i første omgang lansert i USA, og ser ut til å ha forbetringspotensial (mildt sagt). Den vil etter planen bli rulla ut for fleire og fleire gjennom året.
Nysgjerrig på korleis det ser ut? Det ligg nokre eksempel på AI Overviews her.
Til saman betyr dette at Google sin søkemotor er smartare enn nokon sinne, og nettsidene våre må ha endå betre innhald for å kome opp som svar. No må ein svare på det folk søker etter, ikkje berre bruke dei riktige søkeorda. Og sidan Google prøvar å gje personlege søkeresultater, må innhaldet vere interessant for den spesielle personen som søker.
Det er viktig å henge med på dette for å vere synleg på Google og få merksemd på nett. Lurer du på korleis di Squarespace-nettside kan bli meir synleg? Snakk med oss om SEO.
No må ein svare på det folk lurar på, ikkje berre bruke dei riktige søkeorda.