Korleis nå dei unge i alderen 17-23 år?

Sogndal folkehøgskule trudde dei trefte målgruppa si, men dei unge har endra seg. Tiktok og Snapchat var ikkje nok - det var på tide å endre korleis dei kommuniserte.

Hovudmålgruppa til Sogndal folkehøgskule er ungdom i alderen 17-23 år, som er potensielle til å ta eit heilt eller halvt år på folkehøgskule.

I år har det komt ein ny UNG-undersøking frå Opnion, ein rapport med innsikt som skal gjere det lettare å forstå dei unge. Kva bryr dei seg om? Kva er viktig for dei? Kva verdiar og haldningar har dei?

Med den nye rapporten blei det tydeleg at det var på tide å gjere nokre endringar i måten folkehøgskulen kommuniserer på. For, markedsføringa må ta utgangspunkt i målgruppa. Og jo betre ein kjenner dei, dess betre kan ein kommunisere.

– Vi såg i rapporten at fokuset hos dei unge har endra seg. Vår eigen kommunikasjon traff kanskje ikkje like godt lenger, og difor kontakta vi Gasta for å få hjelp til å gjere endringar, fortel rektor Ole Karsten Birkeland.

Tiktok og Snapchat var ikkje nok

Vi har jobba tett med Sogndal folkehøgskule i mange år, der samarbeidet har handla om å forbetre og tilpasse seg.

Vi har tilpassa nettsida i lag, og våren 2023 gjekk vi i gang med ei ny satsing på digital annonsering. Då brukte vi bl.a Snapchat og TikTok for å nå ut, og fokuset var å velje riktige kanalar og satse meir på video.

Men val av kanalar var ikkje nok. Ein må ikkje gløyme å tenke på kva og korleis ein kommuniserer. Det som kom fram i den nye rapporten i 2024, har gjort at skulen har måtte tilpasse seg yttarlegare. No kommuniserer dei på ein anna måte, har endra på kva bilder dei viser og korleis dei sel inn dei ulike linjene. Friluftsliv og venskap er ikkje lengjer nok i seg sjølv.

Markedsføring må ta utgangspunkt i målgruppa. Jo betre ein kjenner dei, dess betre kan ein kommunisere med dei.

Lister med kva du vil lære gir meir fokus på “what’s in it for me”.

Nye linjer tilpassa interessene til elevane i dag. Ikkje berre ski, men t.d. golf og padel.

Kva er dei unge faktisk opptatte av?

Skulen har blitt meir tydeleg på “what’s in it for me”. Dei unge vil vite kva dei får igjen for å investere tid og penger i noko, kva fagleg kompetanse dei får. Dei vil vite detaljar om kva mat dei får servert, korleis dei vil bu og faginnhald på dei ulike linjene.

Dette har resultert i nytt og betre innhald på nettsidene.

På same tid var det tydeleg at linjene dei tilbydde ikkje lenger trefte heilt. Det var på tide å gjere endringar i linjetilbodet. Ikkje minst er dei unge blitt meir verdibaserte og meir opptekne av klima og miljø. Det må óg speglast i kommunikasjonen.

– No er kommunikasjonen vår meir i tråd med dei unge, og vi håpar det vil gje utslag på søkartala til neste år. Vi er sjølv veldig fornøgde med endringane i hvert fall, seier rektor Birkeland.

Studiekatalogen har fått ei oppdatering og står betre i stil med øvrig kommunikasjon. Det er meir fokus på verdiar og miljø.

Slik har skulen tilpassa seg

For å betre treffe tidsånda, har Sogndal folkehøgskule mellom anna:

  • Gjort endringar på kva linjer dei tilbyr - nye namn og nytt innhald

  • Oppdatert nettsida sogndal.fhs.no både i design, funksjon og innhald

  • Fått tydelegare fram fag og kompetanse, også blant dei tilsette

  • Meir fokus på verdiar og miljø

  • Laga den fysiske studiekatalogen på nytt i ny drakt

Kjekt å samarbeide med ein skule som er i stadig utvikling. Så håpar vi at innsatsen gjev utslag i søkartala!

Diskutere korleis du betre kan nå målgruppa di? Vi tek gjerne ein prat om marknadsføring, berre ta kontakt.

Ingvild Hagen

Ingvild er digital marknadsførar i Gasta design & kommunikasjon. Ho jobbar fast med mange av kundane våre, og er eksperten vår på digital annonsering.

ingvild@gasta.no

Forrige
Forrige

– Vi er heilt fullbooka for julebrunsj ut året

Neste
Neste

Ta i bruk Squarespace AI