Datalekkasje frå Google: Slik fungerer algoritmen

SEO

Nye dokument frå innsida av Google avslørar dei viktigaste faktorane Google brukar for å rangere nettsider i søkemotoren sin.

Google held korta tett til brystet om korleis algoritmen deira fungerer. Men no er tusenvis av dokument som avslørar nettopp det, blitt lekka.

I dokumenta kjem det fram kva faktorar Google bruker for å rangere nettsider opp mot kvarandre i resultatlista. Og dét er det sjølvsagt nyttig å vite, når ein konkurrerer om å kome på topp.

Tommelfingeren er nemleg at det første resultatet i lista (etter annnonsar) får rundt 30 prosent av trafikken.

Mykje av det som kjem fram, er godt kjent for SEO-folk frå før. Mens andre ting ser ut til å gå imot det som er blitt sagt tidlegare. Desse har vi merka med “tidlegare avvist” under.

Noko av det som påverkar rangeringa di:

  • Gode sidetitler med riktige nøkkelord

  • Klikkrate (andel klikk) frå resultatlista (tidlegare avvist)

  • Kor lang tid folk brukar på nettsida når dei kjem inn frå søk (tidlegare avvist)

  • Lastetid på nettsida

  • God navigasjon og logisk struktur

  • Relevante lenker til og frå andre

  • Autoriteten til domenet ditt (tidlegare avvist)

  • Lokalt domene - bruk .no i Norge

  • Forfattarnavn på artiklar gir autoritet (tidlegare avvist)

  • Publiseringsdato - nettsida bør vere “fersk”

Riktig nok gir ikkje dokumenta svar på korleis dei ulike faktorane blir vekta, men det er uansett nyttig for oss som jobbar med SEO å få bekrefta at mykje av det vi veit stemmer.

Så finst det sjølvsagt fleire tekniske detaljar enn kva vi har plass til her, men det får bli for ein annan gong.

Hjelp med SEO på Squarespace-nettsida di? Sjå SEO-pakken vår eller ta kontakt.

Ingvild Hagen

Ingvild er digital marknadsførar i Gasta design & kommunikasjon. Ho jobbar fast med mange av kundane våre, og er eksperten vår på digital annonsering.

ingvild@gasta.no

Forrige
Forrige

Hugsa å oppdatere opningstidene før ferien?

Neste
Neste

Korleis jobbar konkurrentane dine med SEO?