Ei ny nettside som set menneska i sentrum
Romarheim si nettside blei oppfatta som anonym og lite personleg. No har dei lansert nye nettsider - der dei tilsette får spele hovudrolla!
– Vi ønskte oss ein video på framsida som framhevar dei tilsette, og dette er løyst på ein flott måte. Det beste er at vi kan byte ut videoen sjølv, utan å koble på utviklar, fortel Linn Merete Rognø Edvardsen, kommunikasjonsansvarleg hos Romarheim.
Det var viktig for Romarheim at den nye nettsida skulle spegle godt arbeidsmiljø. Den gamle nettsida klarte ikkje å formidle kven dei eigentleg er. Løysinga? Masse bilete og video frå arbeidskvardagen – med dei tilsette i fokus.
– Vi har fått ei nettside som viser menneska bak bedrifta. Sida er nærare og meir ekte, og det skapar truverdigheit, seier Rognø Edvardsen.
Landingssider som boostar SEO
Det var også behov for ei nettside som var meir brukarvennleg og SEO-vennleg. Ved å lage eigne landingssider for kvar av tenestene Romarheim tilbyr, har ikkje berre brukaropplevinga blitt betre - det gjer også underverk for søkemotoroptimalisering (SEO).
– Den nye strukturen gjer det lettare for søkemotorar å finne oss, noko som vil auke trafikken til nettsida over tid, forklarar Rognø Edvardsen.
Ny, brukarvennleg meny
Vi har også hjelpt Romarheim å få på plass den spesialutvikla megamenyen, som gjer navigasjonen på nettsida mykje enklare.
– Menysystemet er både oversiktleg og intuitivt, så det er lett å finne fram til dei ulike tenestene vi tilbyr. I tillegg kan menyen klikkast bort for dei som vil ha ei endå ryddigare oppleving, alt for å gjere innhaldet meir tilgjengeleg, fortel seier Rognø Edvardsen.
Ei fleksibel løysing med Squarespace
Med ny nettside i Squarespace har Romarheim fått ei nettside dei kan tilpasse sjølv.
– Vi ønskte oss ei levande nettside som vi sjølv kan justere etter behov, og det har vi fått. No kan vi sjølv leggje til nye prosjekt og justere på innhaldet når som helst.
Rognø Edvardsen fortel at dei lettare kan halde nettsida oppdatert, utan å måtte be om hjelp kvar gong dei vil endre noko. Det gir både fridom og fleksibilitet, noko som er heilt avgjerande i dagens digitale verd.
Ta ein titt på den nye nettsida på romarheim.no.