– Heilt avgjerande for å styrke merkevara vår

Nettsida ble fornya denne våren, med eit meir moderne design og forenkla menystruktur - sjølvsagt i versjon 7.1.

Den største produsenten av baderomsmøblar i Noreg er heilt klar på at nettsida er ein av dei viktigaste kanalane deira for marknadsføring.

Linn Grønningen, marknadssjef i Linn Bad.

– Nettsida gir oss ei unik moglegheit til å skape eit godt førsteinntrykk og bygge tillit, noko som er heilt avgjerande for å styrke merkevara vår i eit stadig meir digitalt marknadslandskap, fortel marknadssjef Linn Grønningen.

Linn Bad er ei familiebedrift som har designa og produsert møblar i Sogn i snart 50 år, og 3. generasjon har akkurat teke over.

Med kjerneverdiane “kortreist, norsk kvalitet” er det viktig at nettsida formidlar eigenskapar ved sjølve møblane, men óg bygger tillit til Linn Bad som produsent:

– Nettsida er ein av dei viktigaste kanalane våre for marknadsføring. Ho fungerer som ein digital møteplass der vi kan kommunisere direkte med kundane våre, formidle verdiane våre, og presentere produkta eller tenestene våre på ein måte som fangar merksemda. 

Linn Bad har hatt nettside hjå Gasta i mange år allereie, men våren 2024 kjende både dei og vi at det var på tide å gjere noko.

Det er kommen ein ny versjon av Squarespace kalla 7.1., samtidig som det var rom for å modernisere designet og forenkle menystrukturen på nettsida.

På den nyoppussa nettsida kjem produkta meir til sin rett, og med ein oversiktleg megameny blir det enklare å navigere rundt på nettsida.

– Gasta jobbar alltid med å finne dei beste måtane å utvikle og designe nettsida på. Dette gjer at prosjektet går smidig og resultatet vert presist som me hadde førestilt oss, avsluttar Linn.

Treng nettsida di fornying? Ta kontakt med oss i Gasta.

Ingvild Hagen

Ingvild er digital marknadsførar i Gasta design & kommunikasjon. Ho jobbar fast med mange av kundane våre, og er eksperten vår på digital annonsering.

ingvild@gasta.no

Forrige
Forrige

Slik blei Ålhytta synleg på nye, viktige søkeord

Neste
Neste

No kan ein AI gje deg svaret i søkemotoren til Google