Ny nettside til bedrift i Mosambik

AflaLivre i Mosambik har fått ny, fargerik nettside i Squarespace.

AflaLivre utviklar forskningsbaserte produkt som beskyttar matvekstar som nøtter og mais mot å utvikle muggsoppgiften aflatoksin. På den måten skal dei auke matsikkerheita i Mosambik.

Nettsideprosjektet kom til oss i Gasta via vår gode kunde Norges Vel, som jobbar for ein framtidsretta og berekraftig matsektor i Norge og internasjonalt.

Vi tok sjølvsagt utfordringa på strak arm – sjølv om kompetansen i portugisisk kanskje ikkje er heilt på topp.

I samarbeid med kunden, har vi laga ei nettside som viser mykje informasjon på ein god og oversiktleg måte. Portugisisk er hovudspråk, men informasjonen er óg tilgjengeleg på engelsk.

Vi takkar for eit godt samarbeid!

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Kunstig intelligens inntar søkemotorane

Neste
Neste

Nyheit: Squarespace Bio Sites for sosiale medium