Tre lærdommar frå VOLUM-konferansen 2024
Alle kundane til Gasta har ei nettside og driv med marknadsføring. Dei vil nok finne noko interessant i oppsummeringa mi.
Det hender at vi i Gasta deltek på kurs og konferansar. Det er sunt å kome seg ut i blant, og eg meiner jo sjølv at ein aldri blir heilt utlært. Men alle kan ikkje delta på alt, og då er det fint at dei som deltek, faktisk deler med resten. VOLUM-konferansen i Bergen kallar seg sjølv “Konferansen for teknologi, design og kreativitet”. Ikkje spesielt spesifikt, men ein skjønar jo kva det går i. I og med at alle kundane til Gasta har ei nettside, og driv med marknadsføring i ein eller annan forstand, trur eg dei fleste vil finne noko interessant i oppsummeringa mi.
Så, her får du tre lærdommar frå Volumkonferansen 2024:
1. Ei sterk merkevare gjer det enkelt for hjernen
Når vi tek eit val, er heile 90 % ubevisst og berre 10 % bevisst. Dette blir kalla “valets illusjon”, ifølge Babak Behrad i Trigger Oslo. Ei sterk merkevare gjer det enkelt for hjernen å velje nettopp denne merkevara. Om ein samanliknar marknadsføring med dating, meiner Behrad at ein bør bruke meir tid på å sjarmere og bygge relasjon (merkevarebygging) enn på pickup-lines (kortvarige salsstunt).
“Vi bør bruke meir tid på å sjarmere og bygge relasjon (merkevarebygging) enn på pickup-lines (kortvarige salsstunt).”
2. Kunsten er å skape relasjonar
Eit av hovudtema på konferansen var “Varme forbindelser i en kald, digital verden” og fleire foredrag var innom dette. Hovudlinja var noko ala dette: Det er ikkje kva bedriftene gjer, innoverer eller leverer som er det viktigste. Det viktigaste du gjer er å skape tryggheit, tillit og ei eller anna kjensle. Vi scrollar og scrollar, så informasjon forsvinn fort for oss. Men kjensler, dei blir.
Eller som teknolog Stefan Hyttfors sa:
“Dei kjem til å hugse kva du fekk dei til å føle”
3. Folk har liten tid, våg å vere “den rosa hesten”
Okei, her mikser eg i lag fleire foredrag, så du må ta sitata med ei klype salt. Men poenget står.
UX-guru Vitality Friedman fortalte at folk rett og slett ikkje har tolmod eller tid til alt som poppar opp på skjermen no om dagen. Nyheitsbrev? Nei takk. Kampanjekode? Kanskje etterpå. Tilbakemeldingsskjema? Kjedeleg. Folk har dårleg tid og er utålmodige. Difor må ein lage løysingar og marknadsføring som fenger. Og for å gjere det, er ein avhengig av å fange merksemda og skilje seg ut. Eller som gründerane bak appen Fjelltoppjakten seinare i konferansen sa det:
“Våg å vere den rosa hesten på beitet”
Mykje å ta inn over seg, og kanskje noko følest litt ullent? Ta gjerne kontakt med meg på ingvild@gasta.no eller +47 928 81 906 for ein marknadsføringsprat.