Ta i bruk Squarespace AI
No har vi fått ein fin KI-funksjon i Squarespace. Kvifor ikkje teste ut i dag?
For dei fleste av oss er terrenget rundt kunstig intelligens - KI eller AI - ganske uoversiktleg. Det positive er at det no kjem KI-funksjonar i dei fleste verktøya vi nyttar til dagleg.
Squarespace har samarbeidd med Open AI, Anthropic og Google og bygd inn KI i tekst-funksjonen i Squarespace. Gjennom maskinlære-algoritmar kan KI analysere eksisterande innhald og generere nye tekstforslag som held seg til din stil og tone.
Alle stader i Squarespace der du har tilgang til tekstverktøyet, vil du sjå symbolet for KI (tre sirklar) og prompt-linje. I den skriv du “prompten”.
Sjå meir i videoen Writing with Squarespace AI.
Lage tekst i prompt-feltet
I prompt-feltet har Squarespace bygd inn tre ulike tekstformat du kan velje å bruke: Paragraph, Pitch eller Blurb. For å forklare forskjellen her, skreiv eg flg. prompt i AI: “Kan du forklare på nynorsk kva som forskjellen på Paragraph, Sales Pitch og Blurb i Squarespace AI”
Og Squarespace AI svarte (men må innrømme at eg måtte justere litt på nynorsken😊):
I Squarespace AI er det tre ulike teksttypar som har sine spesifikke funksjonar:
Paragraph: Dette er ein standard tekst som blir bruk for å presentere informasjon på ein klar og strukturert måte. Ideell for lengre beskrivelsar, artiklar eller innhald som krev grundigheit.
Sales Pitch: Dette er ein mer persuasiv teksttype, designa for å overbevise lesaren om å ta ei bestemt handling, som å kjøpe eit produkt eller registrere seg for ei teneste. Teksten er kortare og meir direkte enn ein paragraf, og fokuserar på å fremheve fordelar og unike salgsargument ved det vi tilbyr.
Blurb: Ein “blurb” er ein kort og fengande tekst som ofte vert brukt som ein introduksjon eller oppsummering, for å gje ein smakebit på innhaldet, utan å gå for mykje inn på detaljar.
Ved å klikke på Simplify, Shorten eller Lengthen kan du få AI til å forenkle, forkorte eller forlenge det opprinnelege tekstforslaget.
Før du startar: lær Squarespace AI litt meir om bedrifta di
For at du skal få best muleg tekst ut av KI-funksjonen, må du legge inn litt informasjon om selskapet og kva tone-of-voice du vil ha. Dette gjer du enkelt ved klikke på dei tre sirklane. Til høgre i prompt-feltet ser du eit i-symbol. Der skriv du ein beskrivelse av selskapet og produkta eller tenestene de har. Så vel du tone-of-voice = personality litt lengre nede.
Men - det er alltid eit men ved bruk av generativ KI
Trass i dei mange fordelane KI gir oss, er det også utfordringar knytt til bruken av KI i tekstproduksjon. Kvaliteten på den genererte teksten kan variere, og det er viktig å ha ein menneskeleg faktor i prosessen for å sikre at innhaldet er relevant og meiningsfullt. I tillegg kan det oppstå spørsmål rundt opphavsrett og etikk, spesielt når KI brukar eksisterande materiale som grunnlag.
Vi i Gasta er klare på at KI-generert innhald skal brukast til å skape eit grunnlag for å lage tekst raskare. Men det er våre tilsette som skal justere og kvalitetssikre alt innhald.
-Les meir om Gasta og våre retningslinjer for bruken av generativ KI
Interessert i meir informasjon om Squarespace og KI/AI? Ta kontakt med Gasta