Slik kom dei på førstesida på Google

SEO

Maskinsenteret Vestland ville komme øvst på søket pöttinger.

Som forhandlar er det strategisk viktig for Maskinsenteret Vestland å vere synleg når folk søker på landbruksutstyr. Vi har hjelpt dei opp på førstesida på to viktige leverandørnamn.

For halvanna år sidan laga vi ny nettside for Maskinsenteret, leiande leverandør av landbruksmaskiner på Vestlandet. Nokre månadar seinare tok dei kontakt med ei litt anna problemstilling:

Dei ønskte å bli synleg når potensielle kundar søker på dei to produsentane Pöttinger og Kuhn i Google.

I januar var dei hhv på plass 73 og 27 på desse namna. Jobben vår blei å få dei opp på førstesida.

Slik gjorde vi det:

  1. Såg på konkurrentane i søk og kva som skulle til for å slå dei

  2. Utforma eigne landingssider om Kuhn og Pöttinger som svarer på søka

  3. Jobba med optimalisert innhald på landingssidene

  4. Boosta trafikken med betalte søkeordsannonsar

  5. Delte landingssidene ut i andre kanalar for å få meir trafikk og fleire lenker inn

På denne måten skjønner Google at Maskinsenteret har godt, nyttig og relevant innhald som svarer godt på søket, og vil vise dei høgare opp i resultatlista.

Frå usynleg til synleg

Grafane under viser korleis Maskinsenteret har utvikla seg på dei to søkeordene sidan januar. Frå plass 73.5 til 9 på søket pöttinger og frå plass 27 til 5.5 på søket kuhn. Det betyr at dei no er på førstesida på begge - og då er det mykje meir sannsynleg at folk klikker inn til nettsida deira enn før.

Utvikling på søkeordet pöttinger frå plass 73.5 i januar til plass 9 i oktober.

Utvikling på søkeordet kuhn frå plass 27 i januar til pass 5.5 i oktober.

Nysgjerrig på korleis du kan bli meir synleg på Google? Ta gjerne kontakt med oss.

Ingvild Hagen

Ingvild er digital marknadsførar i Gasta design & kommunikasjon. Ho jobbar fast med mange av kundane våre, og er eksperten vår på digital annonsering.

ingvild@gasta.no

Forrige
Forrige

Løft årsmeldinga ut av papirformatet

Neste
Neste

SEO-tips: Hugs alternativ bildetekst