Ny nettside for garden i “Hver gang vi møtes”

Dei fleste kjenner Vestre Kjærnes gjestegård frå TV 2-serien ‘Hver gang vi møtes’. No har vi gitt garden ny digital drakt i Squarespace.

På gjestegarden ligg alt til rette for ei personleg ramme rundt konferansar, kurs og arrangement. Dei tilbyr ulike aktivitetar og overnatting, mat og drikke for små og store lag. I tillegg driv dei utleige av eigen tretopphytte på området.

Dei ønskte ei meir moderne løysing og betre formidling av alle dei ulike tilboda. Valet fall på Gasta og Squarespace.

Dei har no fått:

  • Meir oversiktleg og moderne design i Squarespace

  • Ein skreddarsydd megameny som gjer det lett å finne det ein ser etter

  • Integrasjon mot nytt bookingsystem BookVisit

– Nettsida har fått eit løft både på design og funksjonalitet. Det vil gjere kunden sin oppleving hos oss endå betre, i tillegg til at Squarespace er enklare for oss å jobbe i. No gler vi oss til å ta imot gjester på garden framover!

Heidi Kjærnes, Vestre Kjærnes gjestegård

Ta gjerne ein kikk på dei nye nettsidene til Vestre Kjærnes gjestegård.

Vi i Gasta takkar fot tilliten og eit godt samarbeid!

Ingvild Hagen

Ingvild er digital marknadsførar i Gasta design & kommunikasjon. Ho jobbar fast med mange av kundane våre, og er eksperten vår på digital annonsering.

ingvild@gasta.no

Forrige
Forrige

No mistar alle tilgang til “gamle” Google Analytics

Neste
Neste

Squarespace Enterprise hjelper oss å jobbe meir effektivt med kundane våre