Slik bruker du nøkkelorda på ein god måte

Når du har valt dei rette nøkkelorda til nettsida, gjeld det å bruke dei smart. Her har vi lista opp nokre tips til korleis du kan bruke nøkkelorda på ei god måte.

Skriv for mennesker, ikkje roboter.

Søkemotorane blir stadig smartare og blir designet for å etterlikne menneskeleg oppførsel. Skriv samanhengande og interessant. Opplever besøkende at sida di er nyttig, får du fleire og lengre besøk - og søkemotorane oppfatter sida di som nyttig.

Ikkje overdriv.

Ikkje tru at du kan “lure” søkemotoren og gjenta nøkkelorda til det utallige (slik ein gjerne gjorde før). I dag blir overdreven bruk rekna som spam, og det vert du straffa for. Fokuser heller på relevante nøkkelord som du brukar til å skrive nyttige tekstar. Tenk på kva du ønskjer å lese om temaet, om du var kunde.

Nøkkelordtettheit på 2-3 prosent.

For å unngå å overdrive, kan du evaluere nøkkelordtettheiten. Dette er prosentandelen av kor mange gangar ordet vert vist på ei side. Har sida 200 ord på ei side og nøkkelorda er nytta 20 gonger, er tettheita på 10 prosent. Prøv å halde denne på 2-3 prosent.

Nøkkelord i titler

Titler på nettside og undersider bør ikkje overskride 70 teikn. I tillegg bør kvar side ha ein unik sidetittel.

Namn på foto

Namn på foto bør vere spesifikke og beskrivande. T.d. er heimelaga-keramikk-oslo betre enn sideid10 eller IMG_01. Nytt berre bokstavar, nummer, understrek og bindestrek. Ordene kan med fordel separerast med bindestrek. Hugs å legge inn nøkkelordet som skal vere i fokus der det gir meining.

Strukturer sidene

Hjelp dei som kjem inn på nettsida til å navigere seg rundt kjapt og enkelt. La difor titlane vere forklarande og merk dei i “heading 1“.
Har du fleire titlar på ei side, la titlene nedover sida ha H2 eller H3. Dette vil hjelpe søkemotorene å forstå innhaldet på siden. Varier teksten i titlene og lag dei korte og konsise.

Tips: aldri meir enn 1 stk H1 pr. side. Viktig!

I brødteksten bør du prøve å inkludere dei viktigaste nøkkelorda i dei første setningane. Gjenta nøkkelordet, men kun der det gir meining. Varier gjerne rekkefølga på nøkkelorda, t.d. “bygning design” og “design en bygning”.

Sjekk nettsida for døde lenker.

Når du legg til ein link i eige innhald, pass på at teksten du linker frå er relevant. For eksempel er lenker med orda “v-hals-t-skjorte” betre enn “klikk her”.

Eit nøkkelord per side

For å demonstrere relevans for søkemotorar, prøv å fokuser på eit nøkkelord per side. Bruk nøkkelordet i sidetittel, URL (adresse for sida), overskrift, hovuddel (body tekst) og bilde-filnavn på ei side. 

Bilder og alt-tekst

For bilder, sjå Squarespace sin beste praksis for bilder for å forsikre deg om at nettsida er optimalisert for besøkande og søkemotorar.

Det er viktig å inkludere ‘alt tekst’, som er ein kort beskrivelse av eit bilde. Å legge til ‘alt-tekst’ til bilder er bra for SEO og gjer at nettsida er meir tilgjengeleg for mennesker som bruker skjermlesarar. 

Den beste måten å optimalisere ‘alt tekst’ på:

  • Lag ‘alt tekst’ som er kort (vanlegvis 12 bokstavar eller mindre)

  • Vær deskriptiv og hjelpsom. Korleis vil du beskrive bildet til folk som ikkje kan sjå det?

For meir hjelp, besøk Squarespace sin oversikt for å legge til alt tekst til bilder.

Tips: For søkeresultat på Google bilder, så foretrekker Google .jpg over .png eller .gid filtyper. 

Betalte søk

Betalte søk er når du kjøper ei annonse som dukkar opp i søkeresultat i Google eller Bing. Dei blir plassert på toppen av søkeresultat for spesifikke nøkkelord og er merka med ordet ‘annonse’. Sjølv om desse kan absolutt skape trafikk inn på nettsida, så bidreg dei ikkje direkte til nettsida sin rangering i søkemotoren, men bidreg med trafikk til nettsida, som igjen er positivt for søkemotor.

Når ser ein resultat?

Det kan ta tid før endringene gir effekt. Søkemotoroptimalisering er ein langsiktig, kontinuerleg prosess og rangering blir påvirka av mange faktorar.

Fokuser på godt innhald og strategisk bruk av nøkkelord og gå til Analytics og Google Search Keywords og hald deg oppdatert på korleis dine nøkkelord opptrer, slik at du kan justere din nøkkelord-strategi. 

Vidar Bondevik

Vidar er rådgivar og byråeigar i Gasta, og har lang erfaring med web, design, merkevarebygging og strategi.

vidar@gasta.no

Forrige
Forrige

Slik finn du riktige nøkkelord å satse på

Neste
Neste

Nye nettsider for Maritim Forening