Brødrene Aa - med karbonfiber og miljø i fokus

Hausten 2024 lanserte vi nye nettsider og justert profil for Brødrene Aa, ein skikkeleg “makeover”. Designet vart modernisert, forenkla og stramma opp. Vi har jobba med både merkevare og visuell identitet for suksessrike Brødrene Aa i mange år.

Båtbyggeriet, med over 130 tilsette, har ein strategi om å satse på båtar i karbonfiber, ein visuell identitet vi utvikla med dei i 2013. Sidan då har vi utvikla både nettside, brosjyrer og messemateriell for å byggje merkevara.

Brødrene Aa er opptekne av å vise kva båter dei har utvikla og levert. På nettsida har vi satt opp ein seksjon for Deliveries, der dei enkelt kan leggje ut nøkkelinformasjon om båten, bilde og teikningar - så kjem det ut i ein rein og oversiktleg mal.

Vi jobbar fast med å rådgje og produsere innhald til kanalane deira. Aktiviteten i sosiale medium er god, ved hjelp av faste rapportar og statusmøte.

Dette er ein spennande kunde vi samarbeid godt med!

“Vi trengte eit løft. Vi har mellom anna gått frå blå til «finare blå» og heile designet på nettsida er meir minimalistisk og stilreint. Det viser kvalitet og eg meiner vi har fått til ein wow-effekt. Det er lett å formidle til Gasta kva vi ønskjer og få det slik vi ser for oss. Det er godt å ha ein samarbeidspartnar som er ekspertar i verktøyet vi jobbar i, og som også er så gode på design. Samarbeidet vårt er effektivt og bra – Gasta leverer og er fine å jobbe med.”

— Ole André Aa, sals- og marknadssjef i Brødrene Aa.

Har du eit prosjekt du vil diskutere? Ta kontakt!

Astri Knudsen, dagleg leiar
astri@gasta.no
984 08 619

Vidar Bondevik, rådgivar
vidar@gasta.no
482 36 323

Ingvil Helle Hagen, digital marknadsførar
ingvild@gasta.no
928 81 906

Neste
Neste

Lindstrøm Hotel