Kvifor bedrifta di bør vere på LinkedIn?
Styrk merkevara, utvid nettverket og bygg leads. I dag er LinkedIn den kanalen folk har mest tillit til.
Mange er nysgjerrige på LinkedIn som marknadsføringskanal, men veit ikkje heilt kor dei skal starte. Først av alt: LinkedIn er egna både for små og store bedrifter, og spesielt bra for dei som driv B2B. Kvifor kan du lese meir om her.
Men, kor startar ein? Går ein laus på sin eigen private profil eller bedriftsprofil? Vi har skissert opp to pakker til deg, alt etter kor mykje hjelp du treng:
Våre LinkedIn-pakkar:
LinkedIn-start (1/2 dag)
Her tek vi for oss LinkedIn-teori, ein analyse av situasjonen i dag, og set teori ut i praksis. Kurset passar for deg som er ganske ny på LinkedIn og kan gjerne haldast digitalt. Optimalt for 1-2 deltakarar frå same bedrift.
Introduksjon til LinkedIn
Korleis kan di bedrift bruke LinkedIn? Kva er forskjellen på eigen profil og bedriftsprofil? Vi tar ein felles gjennomgang av profilen til bedrifta, kva som bør vere med, og i tillegg får du nokre tips og triks.Status quo
Kor er bedrifta i dag? Kva er bra og kva kan bli betre?Workshop
Vi oppdaterer bedrifta sin profil. Har ikkje bedrifta profil? Ingen problem, då set vi opp denne saman.
Tid: 3 timer
Pris: 5000,- *
*Eks mva. Eventuelle reisekostnadar kjem i tillegg.
LinkedIn-pluss (1 dag)
Første del er lik som LinkedIn-start med LinkedIn-teori, ein analyse av situasjonen i dag, og å setje teori ut i praksis. Del to gir endå meir praktisk tilnærming til LinkedIn. Du får oppgåver, vi lagar ein innhaldsplan, og saman spissar vi innhaldet slik at de representerer bedrifta på best mogleg måte. Kurset passar for deg som vil ha ein meir praktisk tilnærming til LinkedIn og treng hjelp til å kome i gang. Dette held vi gjerne for deg og dine kollegaer saman, og det gjennomførast helst fysisk.
Kva er målet med å bruke LinkedIn?
Tydeliggjere kva bedrifta skal vere for kven og byggje ei sterk merkevare.
Kva kan ein skrive om?
Vi finn ut kva bedrifta og dei tilsette bør skrive om på profilane, i tillegg til oppgåver for å hjelpe deltakarane i gang med LinkedIn.Vegen vidare
Vi set mål for aktivitet framover og lagar ein innhaldsplan som passar for bedrifta sitt mål.
Tid: 8 timar
Pris: 10 000,- *
*Eks mva. Eventuelle reisekostnadar kjem i tillegg.
Bestill LinkedIn-pakke
Skreddarsydd opplegg?
Passar ikkje pakkane deg og di bedrift? Vi kan lage eit skreddarsydd opplegg for deg. Ta gjerne kontakt med Ellen så finn vi ut saman kva de bør velje.
Ta gjerne og kontakt om du ønskjer hjelp til å lage bannerbilete, profilbilete eller anna materiell.