Norges Fjellstyresamband
Nettsider til alle fjellstyra i landet.
Prosjektet starta ved at vi utvikla nettside for Norges Fjellstyresamband. Eit enkelt intranett vart óg utvikla, i tillegg til at vi tok i bruk Squarespace eCommerce til nettbutikk, der tilsette i fjellstyra kan kjøpe bekledning.
Vi brukte ein del tid på å utvikle ein gjennomtenkt mal som alle dei 94 fjellstyra i landet kan ta i bruk. Denne blei utvikla som template i Squarespace, og dermed enkel for oss å implementere.
Designet vektlegg enkel struktur, der den ikonbaserte hovudmenyen er lik for alle. Store bildeflater var også eit sentralt mål, ettersom målet er å få folk ut i naturen.
Vi utnytta event/arrangementsmodulen i Squarespace til å lage ei strømlinjeforma løysing på dokumentstyring og presentasjon av styremøter.