Korleis jobbar konkurrentane dine med SEO?

SEO

Kva søkeord konkurrentane jobbar med, er noko du har stor nytte av å vite. Slik går du fram:

Søkemotoroptimalisering (SEO) handlar om å vere synleg i søkemotorane, slik at målgruppa finn deg framfor konkurrentane dine. Det betyr at du med jamne mellomrom bør analysere konkurrentane dine, for å finne ut kva søkeord dei jobbar med. Dette kan vere nyttig å sjå:

  • Korleis rangerer du opp mot konkurrentane?

  • Kva gjer konkurrentane?

  • Kjøper dei andre søkeord?

  • Gjer konkurrentane endringar på nett, som påverkar deg?

Sikre at du ikkje fell bak i søkeresultata

Søkemotoralgoritmar og SEO-praksis er alltid i utvikling. Ved å følgje med på konkurrentane sine aktivitetar, får du med deg endringar og kan lettare henge med. Dette er avgjerande for å sikre at du ikkje fell bak i søkeresultata og kan oppretthalde (eller forbetre) posisjonen din.

Til dømes, om ein konkurrent begynner å rangere høgare enn deg på viktige søkeord, kan det vere eit teikn på at du må oppdatere og forbetre din eigen SEO-strategi.

Ein annan grunn til å følgje med på kva konkurrentane driv med, er at du ved å analysere konkurrentane sine SEO-strategiar, kan oppdage moglegheiter i marknaden som du kanskje ikkje har lagt merke til tidlegare. Til dømes kan du finne søkeord som konkurrentane rangerer høgt på, men som du sjølv ikkje har fokusert på. Dette kan hjelpe deg med å utvide søkeordlista di og optimalisere innhaldet ditt for nye og relevante søk.

Les også: Slik blei Ålhytta synleg på nye, viktige søkeord

Kvar bør du starte?

SEO er ikkje eit lite eller enkelt fagfelt, og det finst ingen fasit på korleis ein skal jobbe. Det må tilpassast behova i bedrifta di.

Men som ein start, har vi satt opp ein SEO-pakke for å hjelpe deg å finne ut korleis du burde jobbe med SEO i bedrifta di. I denne pakken utfører vi også ein konkurrentanalyse for deg, der vi nyttar verktøy for å analysere søkeresultat (SERP) på aktuelle søkeord, slik at du slepp å gjere dette arbeidet sjølv.

Pakken gir deg eit grunnlag for at dine Squarespace-sider skal rangere godt på søkeord du er oppteken av, gir gode innspel til din eigen strategi og gjer deg meir konkurransedyktig.

Les meir om SEOstart og ta det første steget mot betre synlegheit på nett.

Ellen Emilie Stangeland

Ellen er digital marknadsførar i Gasta design & kommunikasjon. Ho jobbar mykje med Squarespace og SEO. Ho likar å halde seg oppdatert om siste nytt frå Squarespace og anna teknologi.

ellen@gasta.no

Forrige
Forrige

Datalekkasje frå Google: Slik fungerer algoritmen

Neste
Neste

Slik blei Ålhytta synleg på nye, viktige søkeord