Søkemotoroptimalisering (SEO) for Squarespace
SEO handlar om å vere synleg i søkemotorane, slik at målgruppa finn deg framfor konkurrentane dine. Vi veit kva som må jobbast med for at Squarespace-sida di skal bli funnen i søkemotorar.
SEOstart: grunnmuren for god SEO
Med SEOstart-pakken gir vi deg eit godt grunnlag for at dine Squarespace-sider skal rangere godt på søkeorda du er oppteken av. SEOstart er gjerne for deg som har hatt nettside ein periode. Det er eit eingangstiltak, men ein føresetnad for at du eller andre skal kunne jobbe vidare med innhald, blogging og kampanjar - og oppnå meir organisk trafikk til nettsidene.
-
Val av søkeord er heilt gunnleggjande for arbeidet med nettsidene. Søkeorda du bør fokusere på er ein kombinasjon av strategi, analysar og vurdering av di bedrift eller produkt sine sterke sider.
Søkeordsanalysen skal munne ut i eit avgrensa tal søkeord og søkefrasar du vil fokusere på og optimalisere innhaldet rundt. Vi finn søkevolum og kjem med forslag til søkefrasar som kanskje har mindre konkurranse, men likefullt er relevante for målgruppa.
-
I konkurransen om å få relevante besøkande til nettsidene, meiner vi det er smart å bruke ressursar på å analysere konkurrentane. Vi nyttar verktøy for å analysere søkeresultat (SERP) på aktuelle søkeord. Analysen gir deg innsikt i kva søkeord konkurrenten fokuserar på og kva type innhald dei oppnår suksess med. Dette kan gje gode innspel til din eigen strategi og gjere deg meir konkurransedyktig digitalt.
-
Vi gjer full analyse av den tekniske tilstanden på nettsida, alt frå hastighet, core web vitals, URL, sidetitlar, alt-tekstar, tunge filer til struktur på nettsidene. Vi sjekker 404-feil, interne linkar og gjennomgår H1, H2 etc.
Ein slik teknisk gjennomgang er viktig å føreta med jevne mellomrom for at Google sine robotar skal finne og forstå innhaldet på nettsida di.
-
Du mottar ein rapport med forslag til tiltak som enten vi eller du bør gjere for å sikre at du har ei teknisk god nettside.
-
Vi kallar inn til eit Teams-møte der vi gjennomgår analysen, diskuterer tiltak og kjem med forslag til vegen vidare.
SEOstart: Pris kr. 9900,- + mva
PS! SEOstart er for deg som har Squarespace, og er kunde i Gasta - eller kan tenkje deg å bli det 😊
Interessert i kun søkeord/konkurrentanalyse eller site audit? Ta kontakt
Skal vi ta ein prat om SEO?
Interessert i meir informasjon som korleis vi jobbar med søkemotoroptimalisering? Kanskje du ønskjer ein fast månadsavtale på SEO? Ta kontakt med oss:
Ingvild Helle Hagen
Digital markedsførar
ingvild@gasta.no
Ellen Emilie Stangeland
Digital markedsførar
ellen@gasta.no
Det skjer mykje med AI om dagen, og den siste nylanseringa til Google er blant dei mest spennande.