Slik blei Ålhytta synleg på nye, viktige søkeord

SEO

Søkeordsanalysa frå Gasta viste at dei hadde potensial til å bli meir synleg for folk som ikkje kjenner dei frå før. Slik gjekk vi fram.

Hytteprodusenten Ålhytta har allereie mykje trafikk frå søkemotor til Squarespace-nettsida si. Størstedelen av desse har søkt på sjølve navnet deira. Det er flott, og ein indikator på ei sterk merkevare.

Men! Alle som søkjer på ålhytta, kjenner jo bedrifta frå før. Kva med dei som ser etter hytte, men ikkje kjenner Ålhytta? Kva søkjer dei på?

Ein søkeordsanalyse frå Gasta viste at det er mykje trafikk på søkeord som modulhytte og nøkkelferdig hytte. Her var det mykje potensiale, men Ålhytta var så og sei usynlege. Det ville vi gjere noko med.

Det første steget var at vi oppretta ei dedikert landingsside for kvart tema, i dette tilfellet Nøkkelferdig hytte og Modulhytter. Landingssida er den URL-en vi vil at skal kome opp som treff i Google sin søkemotor på det aktuelle søket.

Deretter jobba vi med optimalisert innhald på landingssidene, boosta trafikken med betalte søkeordsannonsar og delte landingssidene ut i andre kanalar for å få meir trafikk og fleire lenker inn.

Til saman gir alt dette signal til Google om at Ålhytta har godt, nyttig og relevant innhald som svarer godt på søket. Då vil søkemotoren vise dei høgare opp i resultatlista.

Faktisk er dei nye landingssidene nokre av dei mest besøkte undersidene på nettstedet i dag!

Lurer du på korleis di Squarespace-nettside kan bli meir synleg i søk? Sjå vår SEO startpakke eller ta kontakt for ein uforpliktande prat.

Ingvild Hagen

Ingvild er digital marknadsførar i Gasta design & kommunikasjon. Ho jobbar fast med mange av kundane våre, og er eksperten vår på digital annonsering.

ingvild@gasta.no

Forrige
Forrige

Korleis jobbar konkurrentane dine med SEO?

Neste
Neste

– Heilt avgjerande for å styrke merkevara vår